På kokepunktet

Nesten rekord på countryen

- Sett i lys det dårlege vêret laurdag, er dette fantastisk, smiler festivalsjef Arve Kleppe.

Budsjettet for årets festival var basert på besøkstala for i fjor som var 11300. Besøket på årets festival runda 13000, noko som er like under rekorden frå 2009

Dermed skulle det vere duka for plusstal for ein festival som nok vil gå over i historia som ein av dei mest vellukka. Det stadfestar også Arve Kleppe som kallar fredagen og torsdagen som fantastiske, og som også kan notere godt besøk laurdag, sjølv om regnet hølja ned.

 

 

Aslag Haugen og resten av Hillbillies fekk god kontakt med publikum frå første stund