Moria-markering framfor Stortinget i slutten av november. Foto: Jil Yngland/NTB.

Nesten 100 ordførarar ber regjeringa om Moria-svar

I eit brev til regjeringa ønskjer 93 ordførarar svar på kvifor kommunane ikkje får ta imot så mange barn frå Moria-leiren som dei ønskjer.

Ifølgje Klassekampen ber ordførarane regjeringa la villige kommunar ta imot barn med behov for akutt hjelp.

«Vi har framleis ikkje fått eit ordentleg svar på kvifor vi ikkje kan ta imot det ønska talet flyktningar i kommunen. 128 kommunar har sendt klar beskjed om at vi kan ta imot langt fleire enn dei 50 som er foreslått av regjeringa», heiter det i brevet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er først og fremst utolmodige. Vi og veldig mange andre kommunar kan hjelpe fleire enn vi får lov til, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad kommune.

Statssekretær Hilde Barstad (H) i Justisdepartementet seier at situasjonen er alvorleg. Regjeringa har brukt store summar på å hjelpe Moria-flyktningane der dei er, men ventar på ei semje i EU før dei vil binde seg til å ta imot fleire, opplyser ho.

(©NPK)