Naudvarsel på både bokmål og nynorsk. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Naudvarselet kom på nynorsk

Førre gong det blei sendt ut naudvarsel kom informasjonen berre på bokmål og engelsk. I dag klokka 12 kom det på nynorsk òg.

– Det viser at me blir tekne på alvor, og viser styresmaktene at det ikkje skal så mykje til for å vera reelt tospråklege, skriv mållagsleiar Peder Lofnes Hauge i ein e-post til nettavisa Framtida.

Då naudvarselet gjekk av sist gong, 14. juni i fjor, kom informasjonen berre på bokmål og engelsk, noko som ikkje imponerte Lofnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Snakk om krasjlanding. Kva er vitsen med slike varsel om det berre er enno eit utslag av det statlege bokmålsveldet. Nokon må gå, skreiv han på Twitter då.

Naudvarselet var berre ein test. (©NPK)