Når avgifter bommar

Einar Førde sa ein gong at det å finne på lure avgifter som folk ikkje veit at dei betaler, er ein fin del av politikarlivet. Vi er ikkje sikre på at politikarane i regjering og støttepartia kjenner den nye flyseteavgifta dei fann på for å sy saman statsbudsjettet, så spesielt lur lenger og det burde ikkje gjere dei spesielt stolte.

Høgre og FrP har jo tidlegare vore mot denne avgifta, KrF og Venstre har med rette tatt på seg ei rolle som distriktsalibi i samarbeidet, og då kan dei ikkje ha tenkt heilt gjennom konsekvensane ved å plusse på 80 kroner i flyseteavgift på alle turar.

Fleire av aktørane i bransjen har alt signalisert at mange ruter vil bli reduserte eller forsvinne heilt, og det er dei marginale rutene som vert råka først. Ein risikerer at store deler av landet får eit dårlegare tilbod. Flyselskapa brukar også argumentet som regjeringa sjølv hadde då dei la fram statsbudsjettet i haust, at ei flyseteavgift ikkje ville ha nokon klimaeffekt på grunn av kvotesystemet. NHO-leiar Kristin Skogen Lund fryktar at fleire tusen arbeidsplassar kan forsvinne. Det vert omtala som ein katastrofe for innbyggarane og næringslivet i distrikta, altså det meste av landet, om flyruter vert kraftig reduserte eller forsvinn.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag.