Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad presiserer at lokale og regionale lettar vil kunne skje i april. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Nakstad ventar regionale justeringar i april

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier lokale og regionale tiltak kan bli justerte alt denne månaden.

– Dei lokale smitteverntiltaka i enkeltkommunar er under løpande vurdering av kommunane sjølv. I tillegg vurderer kommunane, Statsforvaltaren, FHI og Helsedirektoratet regelmessig situasjonen i regionar som på grunn av særleg høgt smittepress har tiltak heimla i kapittel 5 i covid-19-forskrifta. Nokre av desse tiltaka blir nok justerte også i april månad, skriv Nakstad i ein e-post til NTB.

Måndag sa Nakstad til NTB at Noreg må ned til godt under 200 smittetilfelle dagleg før ein i det heile kan byrje å tenkje på ei gjenopning av samfunnet. Tysdag modererer han seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei breiare nasjonal gjenopning som aukar kontakthyppigheita mellom menneske i samfunnet, vil utvilsamt medføre smitteauke viss den blir gjennomført før vi har fått smittetala godt ned.

(©NPK)