Fleire kommunar i distriktet bør sleppe unna dyrare bensin og diesel, meiner Naf. Ei ny regjering vil truleg auke CO2-avgifta. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Naf meiner 209 av 356 kommunar bør sleppe dyrare drivstoff

Folk i 209 utkantkommunar bør sleppe auka CO2-avgift, meiner Naf. Det gjeld til saman 731.070 innbyggjarar.

– Viss drivstoffavgiftene blir sette opp, må distriktskommunane skjermast for auka avgifter på bensin og diesel. Dette er område der det er langt å køyre til næraste arbeidsmarknad, seier styresmaktskontakt i Naf, Thor Egil Braadland, til VG.

Ei ny regjering vil truleg gjere bensin og diesel dyrare for at Noreg skal nå klimamåla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naf, som har rundt 500.000 medlemmer, bruker Statistisk sentralbyrås sentralitetsindeks som grunn. Den baserer seg på kor stort arbeids- og tenestemarknad du rekk å køyre til på 90 minutt og er delt inn i seks grupper, der Oslo er gruppe éin.

Dei mest perifere kommunane er i gruppe fem og seks, og Naf foreslår at desse skal få fritak for auken i CO2-avgifta.

(©NPK)