Det er på tide å få sommarhjula på bilen, meiner NAF. (Foto: NAF)

NAF: – Bruk påska til å få på sommardekka

Bilorganisasjonen NAF meiner at påska er eit godt tidspunkt til å leggje om til sommardekk på bilen.

– Fristen for å ta av piggdekka er utsett til 1. mai i heile landet på grunn av korona, men det er ikkje lurt å vente så lenge, om du ikkje må, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

Normalt er fristen i Sør-Noreg første måndag etter 2. påskedag, medan 1. mai er normal frist i Nord-Noreg. Utsetjinga i år er for at folk ikkje skal oppleve praktiske problem dersom verkstader og dekkhotell har kapasitetsproblem eller må halde stengt på grunn av smittevern.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei undersøking frå NAF viser at nesten fire av ti bileigarar skiftar hjul sjølve.

– For desse er det ingen grunn til å utsetje jobben. Påskeferien er ei bra tid å ta fram jekken og hjulkrysset på, seier Camille Ryste.

Ho oppmodar dei som nyttar seg av dekkhotell eller ein verkstad, til å bestille time så fort som mogleg. Koronaen gjer at ventetida her kan vere noko lenger enn normalt.

(©NPK)