Ap-leiar Jonas Gahr Støre (t.v.) og Sp-leiarTrygve Slagsvold Vedum vil evaluere den omstridtde politireforma når dei dannar ny regjering. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Nærpolitireforma skal evaluerast

Den omstridde nærpolitireforma vil bli evaluert av den nye regjeringa, som også vil opprette 20 nye tenestestader der det lokalt er ønske om det.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet skriv i Hurdalsplattforma at dei vil evaluere følgja av nærpolitireforma. Ein konkret plan for å styrkje nærværet til politiet i heile landet skal leggjast fram.

I plattforma står det òg at den nye regjeringa allereie frå neste år startar med å opprette 20 nye tenestestader. Det er ikkje avgjort kvar desse nye tenestestadene bør liggje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Regjeringa vil opprette polititenestestader i dialog med kommunane og politidistrikta på stader der det er eit lokalt ønske om det, og geografiske faktorar eller kriminalitetsbiletet tilseier at det bør opprettast, står det i plattforma.

Av dokumentet går det òg fram at det skal sikrast ei minimumsbemanning på polititenestestadene og at dei skal vere tilgjengeleg alle kvardagar, heile året.

– Det lokale politiet i heile landet må styrkjast, både for å sikre betre førebygging og for raskare respons ved alvorlege hendingar. Ein desentralisert politistruktur sikrar beredskap og nødvendig lokalkunnskap hos politiet, står det i plattforma.

(©NPK)