Naboar uroa over støy om natta





Rådmannen tilrår at dei nye reguleringsføresegnene gjev opning for at Vestskog SA kan bryte støygrensene under tømmertransport eit visst tal gonger i året, men med krav om at desse situasjonane blir varsla på førehand. Naboar meiner derimot at dette vil føre til meir konflikt. 





Sande Settefisk AS har planar om å utvide drifta, og har
fått sivilarkitekt Kjell Aage Udberg til å utarbeide forslag til ny
reguleringsplan for Sande industriområde på Sørstranda.





Kaia ei utfordring





I desember vedtok Multek-utvalet å leggje planen ut til
offentleg gjennomsyn. Planen legg opp til ei utviding av industriarealet, samt
at bebygd areal nesten kan doblast. Byggjehøgda er også auka, frå ni til elleve
meter. Tømmerkaia er i hovudsak vidareført som i dag, men det er opna for noko
tilleggsareal i nordvest.





Planendringa medfører endra rammer for støy frå industriområdet.





– I gjeldande plan er gamal støyretningslinje TA-506 lagt til grunn, men denne har i praksis ikkje vore mogleg å etterleve. Det har vore klager i samband med lasting av tømmerbåtar, og det er nok drifta av tømmerkaia som framleis vil vere utfordrande, skriv rådmannen i si saksutgreiing til Multek-utvalet.





Rapport frå Sweco





Sweco gjennomførte støymålingar på Sande i 2015. I ein
rapport viser dei til at lasting av skip berre vil kunne skje på dagtid (kl.
07.00-19.00) på kvardagar dersom aktiviteten skal følgje dagens krav i T-1442.
Selskapet meiner dette er ei streng vurdering ut frå dei ti-femten anløpa som skjer
i løpet av året. Dei meiner ein difor kan vurdere å opne for lasting også på kveldstid
(kl.19.00-23.00). Lasting på natt er konfliktfylt, overskriding av
grenseverdiane er store (18 dB for TA-506) og bør ifølgje Sweco ikkje
tillatast.





Vidare er dei klare på at tømmerbilar som leverer tømmer ved kaia ikkje gjev støynivå over grenseverdi uavhengig av tidspunkt for levering, men at ryggealarm og slaglydar ved løft av tømmer kan vere sjenerande.





– Vanskeleg å etterleve





Rådmannen registrerer at føresegnene i den nye
detaljreguleringsplanen for industriområdet er utforma i samsvar med dagens
krav, altså T-1442, noko som i praksis betyr at lasting av tømmer berre kan
skje mellom 07.00 og 19.00 på kvardagar.





– Som Sweco skriv er dette truleg i strengaste laget, og vil innebere store utfordringar, påpeikar rådmannen.





Kommunen har vore i kontakt med Vestskog.





– Sjølv med tilpassingar er det grunn til å tru at så stor avgrensing i driftstid vil vere vanskeleg å etterleve. Det som er brukt ein del andre plassar er å opne for at støygrensene blir brotne eit visst tal gonger i løpet av året, men med krav om at desse situasjonane blir varsla på førehand. Eg vil tilrå at ei slik opning blir lagt inn i føresegnene, skriv rådmannen.





Nei til støy om natta





Naboar på både Sande og Rygg er uroa over at rådmannen opnar
for at støygrensene kan bli brotne, til dømes for å sluttføre ei lasting som er
sett i gang eller når det av andre årsaker blir tvingande nødvendig å laste på
ukurante tidspunkt.





I sin merknad til planen viser dei til at det har vore mykje konflikt mellom Vestskog og naboar knytt til støy om natta frå tømmerkaia på Sande. Om ein opnar for at støygrensene kan bli brotne fem gonger i året slik rådmannen ønskjer, vil det føre til større konflikt mellom partane.





– Vi meiner at det ikkje må skje støyande arbeid på industriområdet mellom klokka 23.00 og 07.00, og aksepterer ikkje at det vil kunne planleggjast for lasting i dette tidsrommet, slår naboane fast.