Berre ein firedel av ulla som blir produsert i Noreg, blir brukt. No jobbar ein med å finne nye måtar å utnytte norsk ull på. Foto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Mykje norsk ull blir ikkje brukt

Berre ein firedel av ulla som blir produsert i Noreg, blir brukt. No jobbar ein med å finne nye måtar å utnytte norsk ull på.

– Det kostar pengar å sende ull til ullmottaket. Hadde det vore ordningar for det, hadde eg sjølvsagt sendt den, seier villsaubonde Guttorm Gudmestad til NRK

I 2016 fjerna Landbruksdirektoratet tilskotet for ulla av lågast kvalitet. Det gjeld i stor grad ulla til dei eldste sauerasane. Klipping, frakt og sekker til ull kostar pengar. Å sende den «verdilause» ulla inn til ullmottak er eit tapsprosjekt for bøndene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskar Lise Grøva ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) jobbar med å finne ut meir om kva den norske ulla kan brukast til gjennom utgreiingsprosjektet Verdifull.

– Det er for gale at vi i så lita grad tek i bruk den flotte, lokale ressursen som ulla er, seier ho til NRK.

– Ull kan erstatte plastprodukt i landbruket, filter, isolasjon, og mange andre ting, seier Grøva.

(©NPK)