illustrasjonfoto.

Mykje fyll og bråk

Det har igjen vore ei travel natt for politiet.

Særleg eitt arrangement i Naustdal som har krevd stor merksemd. I politiloggen ser det slik ut:

Naustdal:
Kl. 0145, arrangement, mann i slutten av tenåra overstadig rusa og henta av ambulanse.

Kl. 2343, mann i 20 åra bortvist frå staden.

Kl. 2310,  mann i 20 åra bortvist frå arrangement.

Kl. 2323, vold, mann i 20 åra slått til i andletet, ukjent gjerningsperson.

Kl. 2200, Sanden- ein rusa mann i slutten av tenåra er vist vekk frå staden etter å ha laga bråk

Kl. 2200, Sanden ein mann i slutten av tenåra vist vekk etter å ha slått til ein annen mann i andletet. Ikkje behov for lækjartilsyn.

Nordfjordeid:
Kl. 0209, Malakoff, jente i slutten av tenåra er bortvist frå arrangementet.

Kl. 0149, Malakoff, mann i 20 åra bortvist frå området.

Kl. 0149, Malakoff, mann i slutten av tenåra bortvist frå området. Henta av sin forelder.

Sogndal tidleg søndag kveld
Huseiger opplyser at eit pulverapparatet var tømt i ein leilegheit. Politiet vore på staden. To mindreårige vist vekk frå staden. Saka blir følgt opp av politiet.

Ordensuroing på ein utestad i Sogndal sentrum. Det hadde roa seg då patruljen kom fram.

Florø
Kl.0320, Florø, Brendøyvegen, ordensuroing, melding om slossing 7- 8 stk, når politiet kom dit var alle partane borte.

Vågsøy tidleg søndag kveld
Politiet fjerna to rusa menn som forstyrra russen i Måløy sentrum, mennene fått pålegg om å holde seg vekke.