Illustrasjonsfoto.

Mykje å ta hand om for politiet

Politiet i Sogn og Fjordane har hatt ei travel natt. Her er eit utdrag frå politiloggen.


Årdal. Melding om skadeverk på ein skule. Forholdet vil bli følgt opp.

02:34 og 04:38. Førde. Melding om feststøy frå ei privat adresse. Politiet på tur for å sjekke stemninga, men fann ingen fest.

23:01 Førde. Melding om ein rusa person som prøvde å ta seg inn i feil hus. Vart køyrd heim til riktig adresse og fekk pålegg om å bli der.

02:03 Førde. Ein ukjend mann ville inn i huset til meldar. Politiet kom og henta vedkomande. Må tilbringe natta i arresten grunna ordensuroing.

01:21 Førde. Ein person slo seg vrang på ein utestad. Politiet fekk kontroll på mannen og tok han med til drukkenskapsarresten.

02:22 Måløy. Melding om køyring i påverka tilstand på tohjuling. Mistenkte vart tatt med til legevakta for blodprøvetaking. Sak oppretta.

02:39 Florø. Melding om feststøy i ein privat bustad. Då politiet kom til staden, hadde det roa seg.

02:11 Øvre Årdal. Ein festdeltakar vart meld sakna. Hadde lagt seg til å sove, men ikkje på den vante plassen sin. Funnen i god behald.

01:39 Høyanger. Melding om slagsmål på ein utestad i sentrum. Fleire involverte. Politiet har snakka med partane og vil følgje opp saka.

01:43 Florø. Melding om fleire personer som yppar til bråk i Strandgata. Situasjonen hadde løyst seg før politiet kom til staden.

02:12 Førde. Vakter på ein utestad måtte ta hand om ein vanskeleg gjest. Vedkomande fekk forklare seg for politiet og gjekk deretter frå staden.

00:19 Høyanger. Melding om ein kraftig rusa person på gata i sentrum. Politiet kom over vedkomande kl 03:18. Ikkje fullt så rusa då. Køyrd heim.

01:21 Stryn. Alarmsentralen fekk melding om pipebrann i sentrum. Ingen personskader. BRN og Politi til staden. Fekk kontroll på branntilløpet.

00:11 Øvre Årdal. Melding om amper stemning utanfor eit ungdomshus. Då politiet kom dit vart stemninga god igjen.

00:23 Sogndal. Mann ville ikkje forlate ein utestad han var bortvist frå. Politiet rykka ut og gav han pålegg om å forlate staden.

Førde - Slåttebakkane rusa mann køyrd heim etter å ha nekta å fjerne seg frå ein leilegheit han prøvde å ta seg inn i.