Illustrasjonsfoto: Vest-Telemark museum.

Musea får mindre pengar

Inntektene og løyvingane til norske museum fell medan utgiftene aukar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).


Nye tal frå statistikken for museum og samlingar viser at inntektene og løyvingane fall med høvesvis 2 og 9 prosent i fjor. Frå 2016 til 2017 auka derimot utgiftene til musea med nær 4 prosent, viser tala.


I 2015 auka løyvingane til musea med 8 prosent frå året før. Den same auken ser ein for inntektene til musea. Auken var noko mindre i 2016, før nedgangen startar året etter.


– Utan at vi veit om det er nokon samanheng kan vi og sjå at talet på kulturhistoriske bygningar som har vore opne for publikum, har gått ned – sjølv om det samla talet på kulturhistoriske bygningar i musea sine eige har halde seg stabilt, skriv SSB.


Frå 2015 til 2017 har det vore ein nedgang på 11 prosent i talet på opne kulturhistoriske bygningar. I fjor var det til saman 2.519 opne bygningar. (©NPK)