Motorsykkelulykke i Sogndal

Klokka 08:51 tysdag melder Vest politidistrikt om ei motorsykkelulykke på Rv 13 ved Slinda, mellom Kaupanger og Sogndal.

Publisert Sist oppdatert

- Meldt om trafikkulykke med MC, framstår som at det er kun MC med førar involvert. Førar blir ivareteken av forbipasserande. Naudetatane, inkludert luftambulanse, er på veg til staden. Uvisst skadeomfang, opplyser operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.

Ulykka framstår som alvorleg.

Trafikken står i begge retningar.

Sogn Avis opplyser at det er lange køar, og at det er uklart når vegen opnar att. 

Oppdatert: 

Klokka 10:20 melder politiet at det blir opna for manuell dirigering på staden. 

Powered by Labrador CMS