Måndag skulle Nasjonal rassikringsgruppe legge fram synspunkt på kvifor dei meiner rassikringsrammene må tredoblast i neste Nasjonal transportplan (NTP). Grunna korona er møtet utsett. – Planen er no å gjennomføre møtet med same program 2. februar 2021, seier leiar Jenny Følling i Nasjonal rassikringsgruppe. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Møte om rassikringsmidlar utsett til februar

Måndag skulle Nasjonal rassikringsgruppe legge fram synspunkt på kvifor dei meiner rassikringsrammene må tredoblast i neste Nasjonal transportplan (NTP). Grunna korona er møtet utsett til februar og gruppa håpar å få presentert planane for samferdsleministeren då.

– Planen er no å gjennomføre møtet med same program 2. februar 2021. Vi håpar at smittesituasjonen då tillèt at møtet blir gjennomført, seier leiar Jenny Følling i Nasjonal rassikringsgruppe til Nynorsk pressekontor.

Programmet blir vidareført

Følling viser til at det opphavlege programmet i sin heilskap blir vidareført til 2. februar, men at samferdsleministeren førebels ikkje har stadfesta at han vil delta den 2. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På programmet har vi blant anna fleire sanningsvitne som har opplevd korleis ras og rasfare påverkar kvardagen, seier Følling.

– Vi har med Aadne Olsrud som jobbar med skredutfordringar og rasulykker i Tamokdalen. Johanne Melkevoll i foreldregruppa for Trygg skuleveg Olden-Briksdal og Geir A. Mo i Norsk Lastebileigarforbund, legg ho til.

Må inn i NTP

Målet med møtet er at rassikringsgruppa skal legge fram hovudbodskapen sin om det store rassikringsbehovet i Noreg og presentere kravet om at rassikringsrammene til riks- og fylkesveg må tredoblast i kommande NTP for 2022–33. Gruppa viser mellom anna til at det nyleg er kartlagt eit behov på over 70 milliardar kroner til rassikring for heile landet.

– Det er store utfordringar med rassikring. Ikkje minst i Vestland fylke kor ein treng rassikring for 40 milliardar, seier Følling.

(©NPK)

Måndag skulle Nasjonal rassikringsgruppe legge fram synspunkt på kvifor dei meiner rassikringsrammene må tredoblast i neste Nasjonal transportplan (NTP). Grunna korona er møtet utsett til februar og gruppa håpar å få presentert planane for samferdsleministeren då. Arkivbildet er frå då Bolstadtunnelen vart stengd etter ras i august 2019. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.