Kristin Sønnerheim var gift med Kåre Sønnerheim, som var den siste som var fødd på garden Sinjarheim i Aurlandsdalen. Saman gjorde dei ein stor innsats for å leggje dalen til rette for dei som ønskjer å oppleve han. (Foto: Arild Finne Nybø/www.flickr.com)

«Mor Aurlandsdalen» heidra med fylkeskulturprisen

Kristin Sønnerheim har lagt ned mykje arbeid for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta. I ein alder av 85 år får ho fylkeskulturprisen som takk for innsatsen.

– Fylkeskulturprisen skal gå til ein person eller lag og organisasjonar som blant anna viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege. Og det er ikkje tvil om at Kristin fyller det kriteriet, sa leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter, under prisutdelinga på fylkestinget 5. desember.

Drivkraft for Aurlandsdalen
Sønnerheim vart heidra for særleg to ting. Det første er det omfattande vedlikehalds- og restaureringsarbeidet ho har lagt ned for garden Sinjarheim, som var fødestaden til mannen Kåre. Det andre er arbeidet med å rydde vegar og stiar så folk kan gå relativt lett gjennom Aurlandsdalen.

Framleis er ho ei drivkraft i arbeid med å halde ved like og utvikle Aurlandsdalen som turmål.

– Kristin har eit stort og varmt hjarte for dei natur- og kulturverdiane vi omgir oss med. Ho både ønskjer at fleire skal få bli kjende med og få oppleve desse, og ikkje minst – ho gjer noko med det. Aurland kommune, fylket elles og turgåarar frå både inn- og utland haustar fruktene av det omfattande arbeidet Kristin har lagt ned, sa Hjelmeseter.

Engasjement for kulturverdiar
Sidan 1992 har det vore aktiv drift på Sinjarheim sommarstid. Elevar og lærarar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule har med seg geiter og eit par kyr til garden og driv gamaldags stølsdrift. Kristin Sønnerheim har vore sterkt medverkande til sommardrifta.

– Aktiv drift har gitt ein tilleggsdimensjon til opplevinga av å kome til tuns på Sinjarheim på sommaren. Her er aktivitet som har vist korleis livet var i tidlegare tider. Og Kristin si interesse for å ta vare på gamle hus stogga ikkje ved Sinjarheim. Ho har også engasjert seg for å ta var på gamle stølar og stølshus elles i området. Ho er ei varm talskvinne for å ta vare på dei kulturverdiane desse bygningane representerer, slo Hjelmeseter fast.

Ei inspirasjonskjelde
Sønnerheim har lagt ned eit stort og omfattande arbeid i lags- og organisasjonsarbeid på fleire plan, har utmerkt seg ved sitt frivillige, dugnadsbaserte samfunnsengasjement og har vore politisk aktiv.

– Kristin har gått opp mange stiar og vegar som andre kan gå etter ho. Vi kan trygt slå fast at innsatsen hennar har vore utover det vanlege, og vi meiner ho er ei inspirasjonskjelde å sjå opp til. Ho har lagt ned ein stor ueigennyttig innsats, som vi i dag vil takke for, sa Hjelmeseter.

Sjølve fylkeskulturprisen vart overrekt av fylkesordførar Jenny Følling. Prisen er på 50 000 kroner.