Transportkonsernet Schenker er blant dei som blir ramma om det blir streik i transportbransjen frå onsdag. Foto: Morten Holm/NTB/NPK.

Mogleg streik truar varetransporten i heile landet

Blir det ikkje semje i meklinga, blir det streik i speditør- og terminalbransjen frå onsdag. 1.327 av Fellesforbundets medlemmer er tekne ut i første omgang.

Tysdag møtest Fellesforbundet og NHO Logistikk og Transport til mekling på Speditøroverenskomsten og Hamne- og terminalovereinskomsten. Forhandlingane på begge overeinskomstane vart brotne 30. mai. Meklingsfristen går ut ved midnatt natt til onsdag.

Varetransporten i heile landet vil bli hardt ramma dersom det blir streik frå onsdag. Omfangsregelen i avtalane, innføring av generelle tillegg og betre arbeidstidsordningar er blant hovudkravet frå forbundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei rekkje avdelingar hos Postnord og transportkonsernet Schenker er blant dei som blir ramma viss det blir streik.

(©NPK)