– Lokalavisene er viktige både for lokalsamfunnet og det totale mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Dei minste avisene får litt meir i støtte i år enn i fjor. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Mindre pengar til Klassekampen – meir til dei minste

Dei minste lokalavisene får meir i mediestøtte, medan potten minkar til Klassekampen og Bergensavisen.

Dei minste lokalavisene får 8 millionar kroner meir enn i fjor når Medietilsynet no har fordelt produksjonstilskotet for 2022. Klassekampen er framleis den avisa som får mest med 40 millionar kroner. Det er likevel 1,8 millionar kroner mindre enn i fjor, ein nedgang på 4,3 prosent.

Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskot til 146 aviser i år. Det er 19 millionar meir enn i fjor, og 8 av desse er øyremerkte dei minste lokalavisene – rundt 100 til saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lokalavisene er viktige både for lokalsamfunnet og det totale mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Fleire av dei større avisene får altså mindre i støtte.

– Klassekampen og Bergensavisen får mindre fordi fleire nye aviser har komme inn i ordninga. Dagsavisen, Vårt Land og Dagen får også mindre, men der er hovudårsaka at desse avisene har lågare opplag, seier Velsand.

(©NPK)