
Miljøvernarar varslar protestar under opninga av gruveanlegg
Når Nordic mining feirar opninga gruveanlegget sitt ved Førdefjorden denne veka, manar fleire organisasjonar til protest mot det dei meiner er ein katastrofe for livet i fjorden.
Etter mange år med protestar, økonomiske utfordringar og fleire rundar i retten har det til sist skjedd: Nordic Mining har sett i gang utvinning av mineralet granat i dei nye gruvene ved Førdefjorden. Dumpinga av gruveavfall i fjorden skrid fram som planlagt.
Det tyder ikkje at miljøorganisasjonane som har kjempa mot dette i nær to tiår, har tenkt å gi opp kampen.
– Ikkje snakk om at Nordic mining skal få feira opninga av anlegget utan at motstanden mot gruvedumping i Førdefjorden vert høyrd, seier leiar i Natur og ungdom Sigrid Hoddevik Losnegård i ei pressemelding.
Fredeleg markering
Natur og ungdom, saman med Naturvernforbundet og den lokale gruppa Leve Førdefjorden, inviterer til protestmarkering både 22. og 24. mai. Torsdag 22. mai arrangerer dei ei fredeleg markering mot dumping av gruveavfall i fjorden. Laurdag 24. mai vert det det dei kallar fest for ein levande Førdefjord.
Heilt sidan Nordic Mining kjøpte rettane til mineralførekomstane i Engebøfjellet i 2006 har ulike miljøorganisasjonar kjempa mot dumping av avfall i Førdefjorden. Fjorden er ifølgje Havforskingsinstituttet (HI) særs artsrik og er i tillegg ein nasjonal laksefjord. Miljørørsla er bekymra for kva eit sjødeponi vil ha å seia for artsmangfaldet i fjorden.
– Me kan ikkje med opne auge øydeleggja ein av dei mest artsrike og intakte fjordane våre. Det finst allereie alternativ til gruvedumping, og det er på høg tid at dette utdaterte og forureinande gruveprosjektet vert skrinlagt, seier Losnegård.
Noreg er eitt av svært få land i verda som framleis tillét deponering av gruveavfall i havet. Papua Ny-Guinea og Tyrkia har framleis havdeponi, medan Chile og Indonesia er i ferd med å avvikla sine. Tyrkia tillét heller ingen nye deponi.
Ny sak i lagmannsretten
På bakgrunn av dei førespegla konsekvensane for livet i fjorden gjekk Naturvernforbundet og Natur og ungdom til sak mot staten for å tillata dumping av gruveavfall der. I april fekk organisasjonane medhald på fleire sentrale punkt i ei rådgjevande uttale frå Efta-domstolen. Saka skal handsamast i Borgarting lagmannsrett 10.–12. juni.
– Denne saka er ikkje avgjort. Me har god tru på at me vinn fjordsøksmålet i retten. Då må staten trekkja løyvet attende, og dumpinga må stoppa omgåande. Nordic Mining tar ein stor risiko ved å starta gruvedrifta før det rettslege er avklart om utsleppsløyvet er lovleg, seier nestleiar i Naturvernforbundet Helene Ødven. (©NPK)