Alkohol i glasa eller ikkje? Godt over halvparten av dei spurte i ei undersøking meiner det ikkje er greitt. Illustrasjonsfoto: Carina Johansen/NTB/NPK.

Menn meir positive enn kvinner til alkohol i konfirmasjonar

I ei undersøking svarer 35 prosent av dei spurde mennene at dei er positive til alkoholservering i konfirmasjonar. 24 prosent av kvinnene seier det same.

Ifølgje Aftenposten er undersøkinga gjennomført av Respons Analyse på oppdrag for organisasjonen Av-og-til.

I Nord-Noreg svarte 74 prosent nei på spørsmål om dei synest er greitt at det blir servert alkohol i konfirmasjon. I Oslo og Viken var andelen 43 prosent. I befolkninga generelt er nei-andelen 57 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit landsrepresentativt utval på 1.132 deltakarar er spurde i undersøkinga.

(©NPK)