Melder kraftige vindkast
Meteorologisk institutt varslar lokalt kraftige vindkast på 27–33 m/s frå sør og søraust torsdag og har sendt ut farevarsel på gult nivå.
Varselet gjeld for delar av Vestlandet, Trøndelag og Innlandet i perioden torsdag 12. mars kl. 04:00 til 21:00.
- Lause gjenstandar kan blåse av garde. Vurder tiltak for å avgrense skade før hendinga inntreffer. Unngå unødig ferdsle på utsette stader, skriv meteorologane.
Annonse
Det er òg sendt ut farevarsel på oransje nivå om betydeleg snøskredfare for indre Fjordane og Sunnmøre frå torsdag.