Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) seier at munnleg eksamen blir avlyst over heile landet. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Melby: Munnleg eksamen blir avlyst i heile landet

Munnleg eksamen blir avlyst over heile landet, opplyser kunnskapsminister Guri Melby (V).

– Per no er det fleire tusen elevar og ganske mange hundre lærarar i karantene, og det er grunn til å tru at det vil vere situasjonen dei næraste vekene, sa Melby på eit hasteinnkalla pressetreff torsdag formiddag.

– Det er grunn til å tru at karantene og smitte er noko som vil ramme mange av dei involverte, sa Melby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire har den siste tida teke til orde for at munnleg eksamen bør avlysast. Mange har peika på at smittesituasjonen har ført til at mange har mista mykje undervisning, og at ein dermed risikerer ein urettferdig situasjon for mange.

Tidlegare denne veka møtte Melby fylkesordførarane, der dei bad henne om å avlyse munnleg eksamen i vidaregåande skule.