Rasmus Hansson (t.h.) og Marièl Eikeset Koren var på besøk hos Andreas Mardal for å få eit viktig innblikk i båtbyggjartradisjonane knytte til Nordfjordbåten. Foto: Suzanne Rødseth, MDG.

MDG vil ta vare på båtbyggjartradisjonane

Laurdag tok Miljøpartiet Dei Grøne sin ordførarkandidat i Gloppen, Marièl Eikeset Koren og partiet sin stortingsrepresentant Rasmus Hansson turen til tradisjonsbåtbyggjar Andreas Mardal.

Hansson og Koren, som begge har eigne Nordfjordbåtar heime, fikk grundig innblikk i tradisjonell bygging av Nordfjordbåtar.

Tradisjon møter moderne berekraft

– Å besøkje Mardal sin verkstad er fint, sa Hansson medan han beundra detaljane i ein nyleg ferdigstilt Nordfjordfæring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er 24 år sidan han var han i Gloppen for første gong og henta sin egen færing frå ein av dei gamle båtbyggjarane som Mardal har lært av.

– Det er viktig å ta vare på så fine tradisjonar som dette. Det handlar ikkje berre om nostalgi, men å hugse og forstå historia, og om berekraft og lokal identitet, la han til.

– Ein berekraftig reiskap

Mardal, som har brukt mange år på lære seg den tradisjonsrike båtbyggjarkunsten, forklarte dei entusiastiske gjestene om detaljane som ligg i ein slik båt. For Mardal er båtbygginga ei attåtnæring og like mykje ein livsstil som eit yrke.

Han reknar eitt år på å byggje ein båt. I tida då bygdene i Gloppen var av landets viktigaste båtprodusentar, måtte ein båtbyggjar levere mange titals båtar i året for å få det til å gå rundt.

– Det er viktig å forstå at ein Nordfjordbåt ikkje berre er eit estetisk smykke. Dette er eit berekraftig reiskap som framleis bør brukast i praksis. Som då Rådgivende Biologer brukte Nordfjordbåt i arbeidet for å optimalisere forholda for gytande laks og aure i Jardøla, fortalde Mardal og viste til ei sak frå Firda Tidend.

Framtida for Nordfjordbåten

Ordførarkandidat Koren er opptatt av moderne næringsutvikling i kommunen, og meiner denne vil bli styrka av å ta med seg forståing for tradisjon og handverk.

– Det er ein stor verdi for kommunen at folk som Andreas ber vidare kunnskap som ein gong var heilt sentralt for liv og næring. I mange hundre år var Nordfjordbåten både bil og traktor, og heilt sentral i liv og arbeid. Det er essensielt at vi som samfunn investerer ressursar i å ta vare på slike tradisjonar. Dei representerer ei næring som har eit uutnytta potensial for både reiseliv, berekraft og gründerverksemd, sa ho.

Rasmus Hansson og Marièl Eikeset Koren var på besøk hos Andreas Mardal for å få eit viktig innblikk båtbyggjartradisjonane knytta til Nordfjordbåten. Foto: Suzanne Rødseth, MDG.

Ein dag på fjorden

Etter omvisning i verkstaden, stilte Nordfjordbåtlaget i Gloppen opp med ein seksring og rotur på fjorden med Koren og Hansson.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi treng fleire som Koren og Hansson, som set fokus på kor viktig det er å ta vare på den maritime kulturarven vår, sa Lars-Bjarte Osland frå Nordfjordbåtlaget under båtturen.

Eit av høgdepunkta på båtturen var då Hansson fekk høyre om Holvikejekta, ei jekt bygd i 1881.

Løftar Nordfjordbåten til Stortinget

Den maritime kulturarven vår, og fjorden som reiseveg og grunnlag for reiseliv er viktig å ta vare på.

Nordfjordbåten og Holvikejekta er ein stor del av denne historia, med røter heilt tilbake til vikingtida.

– Eg set stor pris på at Hansson deler denne interessa for kulturarv, og ikkje minst at han vil utfordre kulturministeren på kva regjeringa har av planar for bevaring av maritim kulturarv, inkludert nasjonale strategiar for å sikre kunnskapen om Nordfjordbåtane og Holvikejekta for framtida, seier Marièl Eikeset Koren.