Det blir åtvara mot å ete blåskjel plukka ei rekkje stader i landet blant dei frå Oslofjorden. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Mattilsynet åtvarar mot blåskjel fleire stader i landet

I ei rekkje steder over heile landet bør ein unngå å ete blåskjel, ifølgje Mattilsynet, som har sendt raudt varsel for fleire område.

Dette gjeld mellom anna i Stor-Oslo, Vestfold og Telemark, og mange område på Sør- og Vestlandet, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg, opplyser Mattilsynet.

Varselet gjeld til og med måndag 7. juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mattilsynet overvaker algegifter i blåskjel. I hovudsak leitar dei etter diarégifta DSP og nervegifta PSP.

Totalt 36 stader i Noreg er sjekka. (©NPK)