Måtte sikre lasta før han fekk køyre vidare

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på Kjøs måndag kveld.

Eit køyretøy hadde betalt feil vektårsavgift, forholdet vert rapportert til skatteetaten.

Tre køyretøy hadde tekniske manglar, to med sprekk i frontrute og ein med manglar ved underkøyringshinderet.

Ein førar måtte sikre lasta betre før vidare køyring.