Denne polske bubilen fekk bruksforbod inntil siktsoner var rydda.

Måtte rydde frontruta

Ein mann vart søndag kveld redda ned etter at han hadde gått seg skorfast ved Gravvotni på Vikafjellet.

Redningshelikopter og Røde Kors vart henta inn, og det var til slutt alpin redningsgruppe som fekk fira seg ned og heist mannen opp i flatare terreng.

• • •

I Flora har politiet fått melding om skadeverk og tjuveri frå ei utleige hytte i løpet av natt til måndag.

I Florø vart ein mann i slutten av 30 årene meldt for urinering i Strandgata natt til søndag. Vedkommande var rusa, og fekk pålegg om å halde seg vekke fra Florø sentrum til søndag morgon.

Omtrent samtidig vart ein mann i 20-årene meld for å forulempe ein offentleg tenestemann. Han fekk også pålegg om å halde seg vekke frå sentrum til neste dag. Det pålegget braut han, og vart dermed også meld for å bryte politiet sine pålegg.

• • •

På Kjøs trafikkstasjon vart ein sjåfør meld for brot på køyre- og kviletid etter at fartsskrivaren ikkje var kalibrert etter reglane. To andre fekk skriftlege åtvaringar for brot på køyre- og kviletida.

To sjåførar fekk bruksforbod på bilen for å ha gjenstandar i siktsone, og måtte før dei fekk køyre vidare.

I tillegg kontrollerte Statens vegvesen 387 køyretøy med det dei kallar eit kjennemerkeigjenkjenningsutstyr (eller også ein ANPR - automatic number plate recognition). Her var det ingen som hadde manglar.