Måtte fjerne sota plastfilm

Statens vegvesen gjennomførte tung- og lettbilkontroll på Nordfjordeid tysdag.

Ein sjåfør/bileigar hadde sett sota plastfilm på siderutene framme på bilen sin. Han måtte fjerne dette før han kunne køyre vidare.

Det vart skrive mangel på lys på fire køyretøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein lastebil fekk køyreforbod fordi han ikkje hadde underkøyringshinder som tilfredstillte krava. Sjåføren måtte også sikre lasta før han fekk køyre vidare.

To andre sjåførar måtte sikre lasta betre før dei fekk forlate kontrollplassen.

Ein lastebilsjåfør fekk mangellapp fordi skiltet bak ikkje var synleg.

Ein sjåfør hadde ikkje merka vogntoget sitt etter gjeldande krav då han køyrde med last som var 3,25 meter brei. Han ordna opp i forholdet før han forlét kontrollplassen.