Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris

Maria Parr er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2023. Her avbilda heime på Fiskå i Vanylven. Foto: Eline Krøvel/NPK.

Maria Parr og illustratør Åshild Irgens får Nynorsk barnelitteraturpris for 2023 for boka «Oskar og eg».

I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna:

– «Oskar og eg» av Maria Parr og Åshild Irgens er ei nydeleg, varm, trist, energisk og morosam bok om ein heilt vanleg, velfungerande kjernefamilie, med mor, far, søster og bror. Her er ikkje noko stort drama eller noko fantastisk som skjer, men ut av dette klarar forfattar og illustratør å skape stor kunst. Både Parr og Irgens klarar å skildre kvardagen og fellesskapet i det å vere ein familie, og det å ha sysken, på ein heilt spesielle måte som rører noko i oss som les.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen er på 50.000 kroner og har vorte delt ut av Noregs Mållag sidan 1956. Maria Parr har tidlegare vunne Nynorsk barnelitteraturpris for bøkene «Vaffelhjarte» og «Keeperen og havet».

Maria Parr (t.h.) og illustratør Åshild Irgens er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2023 for barneboka «Oskar og eg». Her under utdelinga av Brageprisen i fjor. Foto: Frederik Ringnes/NTB/NPK.

Nynorsk barnelitteraturpris vart delt ut på opninga av Noregs Mållags landsmøte i Trondheim fredag.

Maria Parr har tidlegare mellom anna gjeve ut dei kjende barnebøkene «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal» som ho har vunne ei rekkje prisar for. Åshild Irgens er fast illustratør. (©NPK)