Illustrasjonsfoto.

Mangfaldet må sjåast som eit gode!

Torill Fjellestad reiser viktige problemstillingar i Firda Tidend 24.08. Det vil føre for langt å drøfte alle her, men vi vil gjerne få kome med nokre kommentarar.

Spørsmålet om barn sin tidsbruk og prioriteringar er ikkje av ny dato. Men samfunnsutviklinga har tilført barnefamiliane nye og vanskelege utfordringar. Der barn tidlegare var sjølvstyrte og «uorganiserte», og gjerne kunne møtast på «løkka» dei fleste kveldar i veka, ser vi i dag eit gjennomorganisert samfunn der barn sine aktivitetar tidleg vert styrte og organiserte.

Organisasjonsmangfaldet på Sandane vert ofte halde fram som ein ressurs og eit gode for lokalsamfunnet. Det gir samtidig utfordringar, slik Fjellestad nemner. Løysinga på dette ligg etter vårt syn ikkje i å redusere tilbod eller – om ein skal følge resonnementet heilt ut – fjerne tilbod.

Om STIL Fotball reduserer tilbodet kan det føre til at barn og unge ikkje får mogelegheit til drive fleire idrettar, sidan det er ein fare for at andre idrettar og tilbod kjem på same dag/tidspunkt. Dersom friidretten, handballen, korps eller 4H kjem på same dag som fotballøkta, og alle står med eit treningstilbod i veka, må dessverre barna ta alt for tidlege val på kva dei vil delta på. Derfor meiner vi det er positivt at fotballen har eit treningstilbod som fører til at ein har to dagar å kunne nytte seg av tilbodet. Mangfaldet må sjåast som eit gode, og det vil nok alltid gjenstå eit prioriteringsarbeid i heimane.

Idrettsutøvarar frå Gloppen er kjende for sin allsidige idrettsbakgrunn, og slik ønsker vi framleis å ha det. I STIL Fotball har vi som haldning at barn kan delta på fotballtreningane når dei vil. Niåringen som har lyst til å kome på fotballtrening er hjarteleg velkomen. Han/ho vil få tilbod om ei trening i veka. I tillegg vil han/ho få tilbod om ei ekstra trening nettopp for å gi eit tilbod til dei som ønskjer to økter og for dei som ikkje hadde høve til å delta på den første økta. Barna vil få høyre at det er heilt i orden om dei i staden deltar på handball, turn, friidrett, korps, kulturskule eller andre aktivitetar i staden for fotballtreninga. I Norges Idrettsforbund (NIF) sin formålsparagraf heiter det: «NIF skal arbeide for at alle mennesker gis mulighet til å utøve idrett ut fra sine ønsker og behov.»

Utfordringa for trenarar og foreldre er å hjelpe til slik at dette kan skje. For nokre barn vil det innebere at dei også deltek på den frivillige fotballtreninga.

Dei mange idrettane i Gloppen har gode og attraktive tilbod, og slik håpar vi det vil halde fram.  I STIL Fotball vil vi gjere vårt beste for å tilby gode møteplassar for barn også i framtida. Vi er stolte og takknemlege over alle vore dyktige trenarar, oppmenn og andre som legg ned mykje frivillig arbeid for barn og unge. STIL fotball ser at Gloppen-idretten med sine mange tilbod med fordel kan betre kommunikasjon og samarbeid seg imellom. Vi vil gjerne delta i samtalar med den øvrige idretten om korleis aktivitetstilboda særskilt for dei yngste kan samordnast og tilretteleggast.

Styret i STIL Fotball.