Kommuneoverlege i Gloppen, Benny Østerbye Hansen, tilrår ikkje loddsal og anna sal ved å gå rundt på dørene til folk slik covid-19-situasjonen er no.

– Mange vil oppleve det som ubehageleg

Det er høgsesong for loddsal, og lag og organisasjonar har behov for å spe på inntektene etter mange avlysingar og bortfall av inntekter. Kommuneoverlegane i Gloppen og Sunnfjord har forståing for dette, men tilrår ikkje å gå på dørene til folk no.

– Det er mange gamle og sårbare pasientar som kanskje ikkje har lyst til å få folk på døra som vil selje lodd, seier kommuneoverlege i Gloppen, Benny Østerbye Hansen.

Alternative løysingar

Han peikar på at han ikkje har heimel til verken å godkjenne eller nekte loddsal per i dag, men at han på generell basis vil oppfordre til andre tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi gir ikkje ei formell godkjenning i slike tilfelle, og smittesituasjonen skal vere noko meir dramatisk før eg vil gjere vedtak som avgrensar innbyggarane sine moglegheiter på denne måten, seier han.

Han tilrår å finne alternative løysingar til eit tradisjonelt loddsal.

Uheldig

Kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes, er ikkje så bekymra for smitterisikoen ved sal av lodd på dørene til folk, men trur mange vil reagere negativt på å bli oppsøkt på denne måten no.

– Det vil nok fungere trygt nok så lenge ein har friske folk som går rundt, og har god handhygiene. Men ein kan risikere at det er fleire som vil føle det som ubehageleg, og kanskje vil oppleve at det er ein smittefare med å få folk på døra. Det er uheldig, seier han.

– Går an å finne andre måtar

Han er samd i Hansen si tilråding om å tenkje litt sidelengs.

– Det går an å finne andre måtar å gjere dette på, via sosiale medium og med betaling via Vipps, til dømes. Det vil vere ei betre løysing, konstaterer Furnes.