Fullt hus og god stemning i Breimshallen. Arkivfoto.

Mange timar i godt lag

Klokka 18.00 opna dørene og dermed var den nittande utgåva av bLAN i gang fredag kveld.

Då var i overkant av 130 unge menneske på plass i Breimshallen for å bruke to døgn på dataspel og diverse sosiale aktivitetar i godt lag.

- Vi er nøgde

Då vi var der to timar etter at dørene var opna, var dei aller fleste på plass og oppkopla med eit virvar av utstyr.

-Her er det fullt hus, så vi er veldig nøgde kunne, pressesjef for arrangementet, Arild Bjørkelo fortelje. Då vi var der var den første hektiske fasen med innrykk og oppkopling ferdig og dei fleste var i gang med speling. Seinare på kvelden vart det innslag frå scena, konkurransar mellom deltakarane og høve til fysiske aktivitetar som bordtennis.





 

 

engasjementet brukar å vere stort når det handlar om dataspel. slik også i Breimshallen