Mange på scena i kultursalen
Det var flotte soloprestasjonar og engasjert samspel då kulturskulen avslutta året med Sommarfest fredag og laurdag. I kultursalen stod nybyrjarar og «veteranar» på scena, alle med den same entusiasmen. Her kan du sjå - og høyre - eit lite utval av framføringane under konserten fredag kveld.
Først ut var dei som byrja på kulturskulen i fjor haust. Dei spelte eit spesialkomponert stykke «Lett mætsj» som kulturskulelærar Otto Ose hadde laga til gruppa. Deretter gjekk det slag i slag, nokre unge elevar og nokre som hadde halde på ein del år. Det vart uformell og variert konsert meg høg sjarmfaktor og mange flotte framføringar:
Sommarfest med kulturskulen frå Firda Tidend.
Nokre biletglimt frå konserten:
Deborah og Jofrid.
4. klasse band.
Gloppen unge strykarar.