Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang. Foto: DNT.

Mange på nærtur i påska

I ei påske der dei fleste av dei betente anlegga til Den Norske Turistforening måtte halde stengt er generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, glad for at folk brukte dei sjølv- og ubetente hyttene.

– Vi har 450  hytter over heile landet som familiar eller faste kohortar har kunna booke for seg sjølv denne påska. Det er flott å sjå at folk nytta seg av det tilbodet, seier Klarp Solvang i ei pressemelding.

Det er særleg hyttene som er mest tilgjengelege som har vore populære blant påskefolket i år, fortel Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og Omegn.

– Alle dei 32 markahyttene i Oslo har vore tinga heile påska, og mange har også nytta seg av DNTs kajakktilbod i Oslofjorden. Det er heilt tydeleg at folk har søkt etter fine opplevingar i nærområdet denne påska.

Hoff Wikborg seier også at fleire har besøkt dei sjølv- og ubetente hyttene i fjellet, sjølv om det har vore krevjande vêr- og føreforhold i delar av påska.

Haukeliseter fjellstue er eitt av to betente DNT-anlegg som har halde ope i påska.

Styrar Håkon Aarthun fortel at dei av smittevernomsyn har tatt imot om lag ein firedel av gjestene i eit normalår, og at dei heldige som fekk tinga plass har hatt ei eksklusiv påske på høgfjellet.

– Gjestene våre har kost seg, og særleg i siste halvdel av påska har vêret også spelt på lag.

(©NPK)