Vektløftargeneral Ola Bergheim i lag med løftarane frå Breimsbygda

Mange medaljar til Breim under junior NM i vektløfting

For Breimsbygda var det tidenes beste junior-NM, med 2 gull og 2 sølv, og for første gong ein av bestemannspremiane i juniorklassa.

Ola Bergheim som er leiar både i Breimsbygda og vektløftarkrinsen kunne nøgd setje seg på sigerspallen mellom glade ungdommar til slutt.

Best ever for Breimsbygda

Alle løftarane frå fylket løfta likt med, eller over tidlegare bestenotering. Det vart sanka til saman fem medaljar som fordelte seg slik: Gull til Robert Andre Moldestad og Leiv Arne Støyva sårheim frå Breimsbygda. Sølv til Vilde Sårheim og Ole-Kristoffer-Sørland frå Breimsbygda og  ronse til Oda Helen Sunde Svendsen frå Jølster

Bronse til debutant

Oda Helene Sunde Svendsen frå Jølster slo til med bronse i klasse 63 kg i sitt første junior-NM. Dette skjedde med god støtte og hjelp frå trenar Evald Sandvik og sekundant Emilie Sandvik. Alle 6 løfta vart godkjende og Oda Helene persa med to kg i rykk til 52 kg og 1 kg i støt til 69 kg. Samanlagt 121 kg som gav 165,2 poeng.

Kravet til Nordisk meisterskap for ungdom er 170 poeng, og fristen for å klare kravet er 20.august
Så med vidare treningsinnsats på same nivå for teamet frå Jølster, så kan det bli tur til Finnland i slutten av oktober.

 

 





 

Bronse i sitt første NM er sterkt.
Evald sandvik har vore trenar for Oda Helene. T.v. sekundant Emilie Sandvik