Det kan vere lett å kjøpe katta i sekken når du kjøper bruktbil. Slikt blir det konfliktar av. Foto: If.

Mange kranglar etter bruktbilkjøp

To av ti bruktbilkjøp endar med usemje, viser ny undersøking.

Det viser ei landsdekkjande undersøking gjort av YouGov på oppdrag frå forsikringsselskapet If.

Berre 15 prosent av dei som har opplevd konflikt, seier partane blir samde raskt. 20 prosent oppgir at dei blir truga med advokat eller trong juridisk hjelp for å ordne opp. 16 prosent opplevde at dei blei truga av bilseljar.

– Vi ser dessverre ein del gonger at konfliktnivået blir så høgt etter ein brukthandel kan bli høgt, og at det er nødvendig å bruke rettshjelpsdekninga på bilforsikringa for å få juridisk hjelp, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If.

(©NPK)