
Mange blålys på E39
Det kan bli mange blålys å sjå på E39 fredag.
Årsaka er at politiet skal ha øving i utrykkingskøyring på strekninga mellom Vadheim og Sandane fram til kl. 14:00.
Annonse
Det same gjeld for Rv. 5 mellom Førde og Florø.
Det er Vest politidistrikt som melder dette.