
Målprisen 2025 går til Ottar Grepstad
Målprisen 2025 frå Noregs Mållag er utdelt, og går til Ottar Grepstad.
– Årets prisvinnar har arbeidd for nynorskbrukarane, og med nynorsken i nær sagt heile sitt yrkesaktive liv. Det er slik at vi trygt kan kalle det eit livsverk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.
Ottar Grepstad vart tilsett som direktør ved Nynorsk kultursentrum i 1999, og vart med det organisasjonen sin fyrste tilsette. Han var også styreleiar i Språkrådet frå 2010 til 2020.
– Ottar Grepstad har skrive seg inn i nynorsken og han har brukt orda godt. Det er mange av oss som har forstått fortida eller tida vi lever i betre, fordi han har formulert og dokumentert, seier Lofsnes Hauge.
Målprisen har vorten utdelt av Noregs Mållag årleg sidan 2000. Tidlegare vinnarar inkluderer bandet Hellbillies, Jon Fosse og Are Kalvø. (©NPK)