Mållaget vil ha nynorsk inn i Grunnlova

Peder Lofnes Hauge. Foto: Noregs Mållag.

Noregs Mållag melder om kraftig medlemsvekst i forkant av landsmøtet sitt. No varslar dei kamp for å få nynorsk inn i Grunnlova.

– Det er stor stridsvilje i Mållaget. Vi er i vekst og skal krevje meir i åra som kjem. Det vi vedtek på landsmøtet i helga, må bli nasjonal politikk, seier leiar Peder Lofnes Hauge.

Til helga samlast Mållaget til landsmøte i Trondheim, der dei mellom anna skal diskutere opplæringspolitikk, lærarutdanning og språkteknologi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kravet om å få norsk språk og sidestilling mellom nynorsk og bokmål inn i Grunnlova vil også stå sentralt.

– Det er på høg tid at Grunnlova slår fast at norsk er nasjonalspråket i Noreg, og at nynorsk og bokmål er skriftspråka. Nynorsk må inn i Grunnlova, seier leiar Peder Lofsnes Hauge i Mållaget. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

– Det er på høg tid at Grunnlova slår fast at norsk er nasjonalspråket i Noreg, og at nynorsk og bokmål er skriftspråka. Nynorsk må inn i Grunnlova, seier Hauge.

Mållaget melder om medlemsvekst. Dei hadde 15.862 betalande medlemmer i fjor, det høgaste talet sidan 1985. (©NPK)