– Nynorsk må attende i kommuneproposisjonen, meiner nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre. Foto: Per Gunnar Sætre/Noregs Mållag.

Mållaget vil ha nynorsk inn att i kommuneproposisjonen

Kapittelet om nynorsk i kommunane må inn att i kommuneproposisjonen, krev Noregs Mållag.

– For å oppfylle ordlyden i den nye språklova om å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket, må kommuneproposisjonen få attende kapittelet «Bruken av nynorsk i kommunane», sa Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Mållaget, i høyringa for kommunalproposisjonen 2023.

Ho peikar også på at føremålet for den nye språklova gjeld for både kommunane og fylkeskommunane, og dei har no eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Det må Kommunal- og moderniseringsdepartementet følgje opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig at departementet tek eit særleg språkpolitisk ansvar i det omfattande digitaliseringsarbeidet som er omtala i proposisjonen. Framtida til både norsk og til nynorsk, samisk og dei nasjonale minoritetsspråka avheng av viljen til å prioritere språkpolitikken i digitaliseringsarbeidet, skriv Mållaget på heimesida si.

(©NPK)