Pressefoto: Noregs Mållag.

Mållaget utfordrar til nynorskskriving

Noregs Mållag og Norsk Målungdom utfordrar heile Noreg til å skrive nynorsk på nynorskdagen 12. mai.

– Nynorsk er for alle, men er mindre brukt enn bokmål. Målet vårt er å vise at det ikkje er farleg å skrive nynorsk – og på nynorskdagen er det lov å prøve, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

12. mai er nynorskdagen og Noregs Mållag og Norsk Målungdom utfordrar nordmenn i heile Noreg til å bruke målforma. Dei har òg sendt utfordringar direkte til statlege verksemder, politiske parti, frivillige organisasjonar og aviser om å skrive nynorsk på dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I høve frivilligåret 2022 kan frivillige organisasjonar velje seg ut kvar sin dag. 12. mai 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål med «jamstillingsvedtaket». Difor har mållaget valt datoen som «nynorskens dag» i 2022.

(©NPK)