EU-flagga vaiar i vinden i Brussel. 31 prosent i ei måling seier no at dei ville røysta ja dersom det var EU-røysting i Noreg.

Måling viser auka oppslutning om EU og EØS

Dersom det var folkerøysting om EØS-avtalen no, ville 49 prosent av nordmenn røysta ja, ifølgje ny måling.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein auke på 4,7 prosentpoeng sidan førre måling i november. Målinga er gjort av Sentio på vegner av Nationen og Klassekampen.

25 prosent svarer at dei er usikre, ein nedgang på 4,7 prosentpoeng. 26 prosent seier dei ville ha røysta nei til EØS dersom det var folkerøysting no.

Auken samsvarer godt med nedgangen i del som er usikre, som også er på 4,7 prosent. No svarer 25 prosent at dei ikkje veit kva dei ville ha røysta, medan 26 prosent svarer at dei ville ha røysta nei.

Andelen som svarer at dei ville røysta ja til norsk EU-medlemskap, er på 31 prosent, opp 3,1 prosentpoeng frå november.

23 prosent seier at dei ikkje veit kva dei ville ha røysta, ein nedgang på 2,2 prosentpoeng samanlikna med førre måling. Neisida held seg stabil på 46,9 prosent.

Målinga er gjennomført av Sentio Research i perioden 16. til 23. april. 1000 menneske, som er vekta på alder, geografi og kjønn, har vorte spurt. (©NPK)

Powered by Labrador CMS