Magnar håpar du vil gje eit gåvekort til dei som treng det mest
Magnar Solheim Aurlien veit sjølv kor vanskeleg det kan vere å slite økonomisk. No ønskjer han å hjelpe andre i det som for mange er ei ekstra vanskeleg tid.
– Ein les stadig om at det er mange som har det vanskeleg økonomisk, og eg har difor gått med tankar om korleis eg kan bidra, ei stund no, seier Magnar Solheim Aurlien.
Gåvekort
Ønsket om å hjelpe førte til ideen om å gje kundar på daglegvarebutikken moglegheita til å kjøpe eit gåvekort, der mottakaren sjølv kan bestemme kva pengane skal brukast til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter dialog med både Røde Kors og Frivilligsentralen i Gloppen, landa han på at han ville få til eit samarbeid med NAV, der dei vil ta seg av distribusjonen av korta ut til mottakarane.
– Med deira nettverk kan dei nå ut til dei som treng det mest, og kan ta omsyn til personvernet til mottakarane. For meg var det òg viktig å få seriøse og etablerte aktørar med på laget, for truverdet sin del. Når ein privatperson samlar inn pengar, er det ikkje alltid like enkelt å stole på at pengane kjem fram. Å vite at NAV er med på laget skaper tryggleik for dei som kjøper korta, understrekar han.
Siste frist søndag
I kassa til Coop Prix på Byrkjelo, Coop Marked på Reed, Rema 1000 og Coop Extra på Sandane, har du denne veka difor sjansen til å spe på julekontoen til dei som treng det aller mest.
Gåvekorta vil vere tilgjengelege til og med søndag 18. desember, og vil bli samla inn 19. desember.
– For at NAV skal kunne få mesteparten av gåvekorta ut før jul, må dei ha dei i hende innan måndag. Det står laurdag som siste handlefrist på korta, men då hadde eg ikkje tatt høgde for søndagsope, smiler Aurlien.
Veit korleis det er
Småbarnsfaren har tidlegare sjølv slite med å få endane til å møtast.
– Eg veit kor fælt det kan vere, og synest det er veldig fint å kunne bidra til å gjere situasjonen litt lettare for nokre som no er i denne situasjonen.
Aurlien hadde i utgangspunktet ikkje tenkt at gåvekorta skulle vere knytt til jul, men etter samtale med Lars Berntzen i NAV Gloppen, vart dei einige om at tidspunktet passa bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så er det av ulike grunnar blitt litt kort frist, det er min feil, men det er imponerande kor velvillige daglegvarebutikkane var då eg først tok kontakt. Dei var ikkje vanskelege å få med på laget i det heile, seier han.
– Hjarteskjerande
Butikksjef på Coop Marked Reed, Kirsten Aune, synest det er eit flott initiativ.
– Det er fantastisk at nokon tar seg tida med å ringe rundt og organisere på denne måten. Slik som alt er no, med høge straum-, drivstoff- og matvareprisar, og utgiftene til folk berre aukar, er det mange som slit. Det merkar vi som jobbar i daglegvarehandelen. Når kundar kjem inn og kjøper ein pakke med knekkebrød, og fortel at dei ikkje har råd til å lage varm mat, er det hjarteskjerande. All honnør til Magnar for at han har sett i gang dette, seier Aune.
Overblikk
Kari Sefland Bjørlo, butikksjef på Rema 1000, peikar på viktigheita av å ha NAV med på laget.
– Dei har kanskje eit litt betre overblikk, og veit kven som står i ei krise akkurat no, seier ho.
Magnar utelukkar ikkje at gåvekorta kan bli ei meir permanent løysing.
– Akkurat no er det knytt til jul, men behovet er der nok resten av året òg.