Ivar Bruun.

Må skifte 50 lysarmaturar

– Dette blir utvilsamt det største løftet sidan lysløypa stod ferdig i 1987, seier leiar Ivar Bruun i Åsen Vel og kikar opp på ein av dei gamle lysarmaturane langs barkeløypa.

Barkeløypa like ved bustadfeltet i Åsen er mykje brukt av trimmarar og turgåarar. No har tida innhenta dei gamle lysarmaturane. Nye leddlys må på plass, men det kostar.

– Allereie då løypa stod ferdig, var lysarmaturane og stolpane gamle. I dag er det ikkje lovleg med PCB i armaturane, så dei er rett og slett ulovlege, konstaterer Ivar Bruun og fortel at staten gjev støtte til å erstatte gamle armaturar med nye.

– Det eksisterer ei støtteordning der ein får dekka 50 prosent av kostnaden, dei siste 50 prosentane må vi koste sjølve. Dette er siste året ordninga eksisterer, så det hastar litt, seier han og legg til at han reknar med det fysiske utskiftingsarbeidet blir gjort neste år.

I tillegg til 50 armaturar, skal fem stolpar bytast.

Les meir i papirutgåva fredag.