Må liv gå tapt?

Søndag ettermiddag skjedde det igjen. På E 39 ved Eide, der vegen smalnar inn til forhistorisk alder, var tre bilar involverte i ein skikkeleg kollisjon. Alle bilane fekk betydelege materielle skader, men heldigvis og takk og pris, ikkje personskader denne gongen. Gjennom åra har det på dette elendige vegpartiet vore mange ulukker, også med svært alvorlege personskader. I dag fortel Jon G. Eide som bur like ved det kritiske vegstykket om eit utal små og store hendingar gjennom åra. Vi spør oss sjølve, og vi spør samferdsleministeren: Må her gå liv tapt før ein får gjort noko med dette svært kritikkverdige vegpartiet? Saman med Gullkista lenger oppe i Breimsfjellet, er det noko av det aller verste vi finn på E 39.

Les heile leiaren i papiravisa onsdag.