Sogn og Fjordane tingrett har funne mannen skuldig i å ha køyrd på to kvinner som gjekk på ein gangveg. Begge kvinnene omkom på staden.

Mannen må no sitje halvanna år i fengsel. Dette er i tråd med aktor sin påstand.

Han må òg betale 125.000 kroner i erstatning til kvar av dei sju etterlatne, til saman 875.000 kroner, og er frådømd førarretten for alltid.