Luftforureining frå vegtrafikken er halvert sidan 1990. Foto: Terje Bendiksby / NTB/NPK

Luftforureining frå vegtrafikken halvert sidan 1990

NOx-utsleppet frå den lokale luftforureininga frå vegtrafikk har sokke med 53 prosent frå 1990 til 2020. I løpet av dei neste 20 åra skal forureininga ned med heile 92 prosent.

Det kjem fram i ein ny rapport frå Transportøkonomisk institutt. Rapporten viser altså at den lokale luftforureininga frå vegtrafikk er på rask veg nedover. Ifølgje berekningane vil NOx-utsleppet i 2040 berre utgjere 4 prosent av utsleppet i 1990.

Miljøforbetringa kjem dels av at stadig fleire personbilar blir utsleppsfrie, men aller mest at EU-reguleringane gjennom mange år har stilt stadig strengare krav til miljøeigenskapane til dei nye tunge køyretøya.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)