Industribygget på Elvaneset.

Løyser inn bygget for 2,6 mill.

Gloppen kommune har inngått avtale med Dvergsdal & Sunde Bygg AS om å løyse inn industribygget på Elvaneset for 2,6 millionar kroner. Samtidig vil festekontrakten opphøyre.
– Eg er glad vi er komne fram til ei løysing i saka, seier rådmann Jan Kåre Fure.


Industribygget på Elvaneset vart i si tid selt til Kandal Bygg AS frå eigarane av dåverande RensVask AS. Seinare vart det vidareselt til Dvergsdal & Sunde Bygg AS for 1,7 millionar kroner.

Gloppen kommune har bede om å få kjøpe industribygget for same summen som Dvergsdal & Sunde kjøpte det for. Verksemda sette først fram krav om ein innløysingssum på 5,0 millionar kroner, men gjekk deretter ned til 3,75 millionar, pluss omkostningar.

Eit forsøk frå kommunen på å få Dvergsdal & Sunde AS med på eit frivillig skjønn lukkast ikkje. I haust gjorde kommunen difor vedtak om å ekspropriere eigedomen.

Les meir i papirutgåva fredag.