Marit Lofnes Mellingen. Foto: Kolonihaven/Distriktssenteret.

Lofnes Mellingen blir ny direktør i Norec

Kongen i statsråd har fredag utnemnt Marit Lofnes Mellingen (54) som direktør for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).

– Norec har sentrale oppgåver i norsk utviklingspolitikk. Gjennom støtte til utveksling og rekruttering til internasjonale organisasjonar, bidreg Norec til å byggje tillit mellom individ, organisasjonar og over landegrenser i ei tid der den globale tilliten er under press. Eg er glad for at Marit Lofnes Mellingen har sagt ja til leie og vidareutvikle Norec framover, i ei tid med store endringar for norsk utviklingspolitikk, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust i ei pressemelding. 

Mellingen kjem frå stillinga som direktør for Distriktssenteret, Kompetansesenter for distriktsutvikling, der ho har vore i seks år. I tillegg har ho erfaring frå mellom anna Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), Norge.no og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Eg er veldig glad for å ha fått denne tilliten. Norec har eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag. Eg ser fram til å bli ein del av laget, og få jobbe saman med alle dei dyktige medarbeidarane i organisasjonen, seier Marit Lofnes Mellingen. 

Norec ligg i Førde og er ein del av den samla innsatsen for å realisere dei overordna måla i norsk utviklings- og utanrikspolitikk. Norec er eit kompetansesenter for internasjonalt samarbeid gjennom utveksling av personell og kompetanse, og bidreg til arbeidet med å styrkje norsk representasjon i internasjonale organisasjonar, mellom anna gjennom rekruttering og oppfølging av norske kandidatar.

Stillinga som direktør for Norec er eit åremål på seks år, med moglegheit for forlenging i ein periode. Lofnes Mellingen vil ta til i stillinga i august 2026. 

Powered by Labrador CMS