LO-leiar Peggy Hessen Følsvik er tydeleg på at streikefaren er reell også i årets lønnsoppgjer. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

LO-leiaren truar med storstreik

LO er klar til å streike for ein «god og solid» lønnsvekst, ifølgje LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. Det betyr at alle må ha betre råd når oppgjera er i hamn.

– Vi er førebudde til å ta ein streik for å få det som er rettferdig, det som er rett, sa LO-leiar Peggy Hessen Følsvik då ho talte til LOs representantskap tysdag formiddag.

– Vi skal ha vår del av kaka. Og ei rettferdig fordeling. For det er faktisk rom for eit godt og solid lønnsoppgjer. Eksportinntektene er historisk høge og industrien har gode tider, sa LO-leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

LO er samla i Folkets Hus i Oslo for å vedta hovudkrava til lønnsoppgjeret og formulere den tariffpolitiske uttalen. Uttalen blir brukt som eit styringsverktøy når enkeltforbunda skal inn i dei respektive forhandlingane sine.

– Dei som har vore med på å skape verdiane, LOs medlemmer, skal ha sin del av verdiskapinga, poengterte LO-leiaren i innleiinga si.

Etter fleire år med historisk høg prisvekst og det Følsvik kalla ein historisk aggressiv renteauke, er tilbakemeldingane frå over 1 million klare.

– Etter år med høg inflasjon og eit stadig tøffare rentenivå er auka lønningar det aller viktigaste for medlemmene våre. Kravet er at lønningane må auke meir enn prisveksten. Kravet er auka kjøpekraft. Det blir oppgåva vår å ikkje skuffe dei, sa Følsvik. (©NPK)