Redaksjonsmedlemene Ola Nyhagen (f.v.), Sverre Folkestad og Jan Kåre Fure gjekk nyleg gjennom dei siste detaljane, og snart er Ljøren 2020 å finne i handelen.

Ljøren er i kjømda

Den 22. årgangen av sogebladet Ljøren er snart i handelen.

Sidan 1999 har glopparar heime og ute kunne glede seg over eit innhaldsrikt historieskrift for Gloppen.

Dette året blir ikkje noko unntak. Siste hand er lagt på verket, og truleg blir Ljøren å finne i butikkhyllene i løpet av nokre få dagar.